Jobb- og utdanningsmessa på Osterøy 2025
Onsdag 5. november,
kl. 18-20
Lyst til å vite meir om utdanningstilbod for vidaregående elevar, spennande lærlingeplassar og unike jobbmoglegheiter i og rundt ein kommune kjend for sin skaparkraft? Da ordna me!
Me inviterer elevar, studentar, arbeidssøkjarar og alle som vurderar å skifte jobb, til Jobb- og utdanningsmessa på Osterøy onsdag 5. november klokka 18.00-20.00 i Osterøyhallen. Både personar i og utanfor kommunen er velkomne!
Messa vert arrangert av Osterøy ungdomsskule, Osterøy vidaregåande skule, Kompetansesenteret for Robotteknologi, Osterøy Utvikling, Osterøy Industri- og Næringslag og NAV.
Få draumejobben på speedintervju
På messen kan du snakke med ulike arbeidsgjevarar på stand. Du får óg moglegheita til å få speedintervju med K. Lerøy Metallindustri AS, som har ledige stillingar og lærlingeplassar.
Du får ein samtale på 10-15 minutt med verksemda, og kan møte opp til speedintervju anten for framtidige moglegheiter eller for å søkje på ledige stillingar dei har no.
Ta med CV og møt opp i Osterøyhallen mellom klokka 18.00 og 20.00, onsdag 5. november.
Kart over utstillarane 2025
Her finn du oversikt over utstillarane og kvar du finn dei i Osterøyhallen.
Litt lengre nede på denne siden finn du alfabetisk liste over alle utstillarane, og link til deira respektive nettsider.
Nasjonal testarena for robotteknologi på Osterøy
Visste du at Osterøy har sitt eige Kompetansesenter for Robotteknologi (KORT), og nyleg vart utnemnt som nasjonal testarena for bruk av robotteknologi av det statlege føretaket Siva - selskapet for industrivekst? Både Osterøy vidaregåande skule og verksemdene på øya har høg kompetanse på bruken av robotar i industriproduksjon. Bedriftene her har over 120 robotar. Osterøy er dermed på Noregstoppen i talet på robotar pr. innbyggjar.
Er du på jakt etter arbeid? Me har samla representantar frå desse og mange andre framtidsretta verksemder som du kan treffa på Jobb- og utdanningsmessa.
Er du elev og skal velje utdanningsprogram på vidaregåande? Osterøy vgs. tilbyr spennande utdanningsprogram og lærlingeplassar innan robotteknologi. På messa møter du representantar frå Osterøy vgs.
Osterøy - kjend for sin skaparkraft
Osterøy Kulturskule har laga ein video om skaparkrafta på Osterøy, både i fortid, notid og framtid. Sjå videoen og lær kvifor det fins eit så stort mangfald av bedrifter på øya.
Finn fram
Osterøyhallen
Geitaryggen 10
5282 Lonevåg
Det er mogleg å reisa kollektivt frå Bergen sentrum, Arna, Åsane og Knarvik. Det er også godt med parkering i området.
Desse kan du møte på messa
Her finn du oversikten over utstillarar på Jobb- og utdanningsmessa på Osterøy i 2025.
Utdanningsinstitusjonar, opplæringskontor og fagforbund
Bilbransjens Opplæringskontor AS
Byggmestrenes Servicekontor AS
Knarvik vidaregåande skule, TAF/YSK
Kompetansesenteret for Robotteknologi AS (KORT)
Norsk opplæringskontor for ISO-fagene (NOFISOF)
OKAB - Opplæringskontoret for anleggs og bergverksfagene
Opplæringskontoret for Nordhordland
Er di verksemd interessert i å vera utstillar og møte framtidige arbeidstakarar?
Har du spørsmål? Kontakt janne.jeger@vlfk.no - mob. 907 47 721.
For meir info og oppdateringar, meld deg på Facebook-arrangementet for Jobb- og utdanningsmessa på Osterøy.